Droppe til innhold

Administrativ støtte

Administrativ støtte

Personalforvaltning / Rekruttering og ansettelse

Korleis bruke sosiale medier til rekruttering

Sosiale medier kan vere ein effektiv og god kanal for å marknadsføre ledige stillingar ved OsloMet. Vi har to alternativ.

Bruke tilsette sine eigne nettverk

Den mest effektive kanalen er våre tilsette sine eigne nettverk. Innhald delt av personar blir i større grad lest og delt vidare enn innhald delt av institusjonar/merkevare. Dersom våre tilsette informerer om ledige stillingar i sine nettverk aukar derfor sjansen for at informasjonen blir lest og delt vidare.

For å få dette til må vi legge til rette for deling i digitale kanalar. Alle stillingsannonsar må utformes slik at dei ser bra ut når dei blir delt vidare i sosiale medier. Tittel må vere kort og intuitiv og bilete må støtte opp om innhaldet.

I tillegg må relevante tilsette informeres om aktuelle ledige stillingar og blir oppmoda til å dele dette vidare.

Dette året testar vi ut ei mobil-app som gjer det enkelt for OsloMet-tilsette å få informasjon og dele det vidare i sine nettverk. App-en er spesialtilpassa for OsloMet og Avdeling SK legg ut OsloMet-innhald i app-en, som til dømes ledige stillingar. Les meir her (blogg.hioa.no).

Alle som ønskjer å teste app-en må ta kontakt med Hallvard Lavoll.

Annonsere i sosiale medier

Annonsering i sosiale medier kan vere ein god og effektiv måte å nå ut til potensielle tilsette. Via annonseplattformene på Facebook og Twitter kan vi lage og målrette annonsar til potensielle søkere.

For å kunne sette opp ein annonse treng vi følgjande informasjon:

  • Kor i landet/verda skal vi annonsere?
  • Alder, maks. og min.?
  • Kva for utdanning bør målgruppa ha?
  • Kva for type arbeidsgjevar har målgruppa?
  • Kva for interesser har målgruppa?

Med presis informasjon om målgruppa aukar sjansane for at annonsane treff rett personar. Dette fører igjen til at vi får ein lav klikkpris på annonsane.

Kontakt

Har du spørsmål eller ønskjer hjelp? Ta kontakt med Hallvard Lavoll.